I går vart GriegWeb lansert, og NRK Hordland var til stade då Edvard Målsnes 
og Henrik Sveen testa programmet.
 
 
I NRK Hordland sin artikkel uttalte dei to 10. klassingane at dei trur programmet 
kan vere ei styrke for musikkundervisinga i skulen.
 
- Derspm vi skulle hatt noko om korleis eit orkester fungerer kunne det vore 
veldig nyttig, sa dei til NRK.
 
GriegWeb
blir no også ein del av Music Delta, som er Grieg Music Education sin
interaktive læringsressurs. Etter haustferien skal alle skular i Bergen
få tilgong til denne ressursen slik at dei kan skape musikk i alle
sjangrar.
 
Heile artikkelen hjå NRK Hordaland finn du 
her.  
 
 
Griegweb er initiert av Grieg Music Education og Grieg 07 og realisert med bidrag 
frå Sparebankstiftelsen DnBNOR, Bergen kommune og Bergen
Filharmoniske Orkester.